Vendepunktet

  • Årsmelding 2015

SKL JOBBAR MED FRAMTIDSRETTA REIN ENERGI

Me er 75 personar som jobbar med å få vatnet til å renne gjennom turbinar og straumen til å komma fram der den trengs. Og ikke minst finna stadig betreog meir effekvive måtar å skapa fornybar, rein energi.

I 2016 blei SKL eit reint produksjonsselskap av kraft. Å samla praktisk talt all vasskraftproduksjon mellom Stord og Haugesund var målet for restrukureringa. Og ikkje minst spissa oss til å bli verkelig gode på rein energi.

Som me likar å seie: Og om me ikkje visste korleis me skulle bruka vatnet, hadde det runne ubrukt i havet. Fordi det er ein utømeleg og evig fornybar ressurs. Inga forureining. Ingen utslepp. Ingenting er hemmeleg. Berre rein energi. Vatnet fornyar seg sjølv og har difor eit evigvarande perspektiv.

SKL skulle reindyrka kraftproduksjonen medan Haugaland Kraft vart eit reint infrastruktur- og marknadsselskap. Med denne strukturen vil begge selskap kunna spissa og reindyrka si satsing inn mot respektive kjerneområde.

Magne Heimvik, Konsernsjef

Endring

Vi har lagt eit spesielt år bak oss. 2015 var det året SKL tok steget frå å vera eit vertikalt integrert konsern med produksjon, nett og ulike marknadsoppgåver til å bli eit reint produksjonsselskap. Me skal no produsera miljøvennleg og fornybar vasskraft frå våre kraftanlegg. Med dette utgangspunktet skal vi utvikla selskapet vidare til beste for regionen, eigarane og dei tilsette.

Denne prosessen har kravd mykje merksemd og ressursar i store deler av organisasjonen. Vi har over tid arbeidd med å posisjonera selskapet for framtida og har peika på nye strukturar som eit virkemiddel for å nå dei måla vi har sett oss. Ved førre årsskifte vart vi samde med vår største eigar, Haugaland Kraft, om ei skisse for ein ny struktur for selskapa. SKL skulle reindyrka kraftproduksjonen medan Haugaland Kraft vart eit reint infrastruktur- og marknadsselskap. Med denne strukturen vil begge selskap kunna spissa og reindyrka si satsing inn mot respektive kjerneområde.

Dei ytre rammevilkåra har og vore med å dra oss i denne retninga. Lågare kraftprisar, strammare rammevilkår og krav til nøytralitet til nettverksemda krov at vi måtte gjera tiltak. Det siste var eit EU-direktiv som gjorde at vi måtte selja oss ut som sentralnettseigar. Alternativet hadde vore ei krevjande tilpassing innafor beståande organisasjon.

Vi fekk grønt lys frå våre eigarar 10. februar og den 10. september vart dei formelle vedtaka om ny selskapsstruktur vedteke. Det var eit stramt løp som var krevjande for heile organisasjonen. Store verdiar skulle skifta eigar, konsesjonsrettslege - og andre forhold måtte handterast rett og ikkje minst – tilhøve til dei tilsette. Det vart jobba godt av alle involverte og planen vi la vart i all hovudsak følgt og gjennomført.

Sjølv om denne prosessen tok mykje tid og merksemd i året som gjekk, var det og viktig å ha fokus på drift og utvikling av selskapet. Stormen Nina slo til med full styrke i vårt område og sette nettet vårt på ein alvorleg prøve. Det vart gjort ein god del skade og vi hadde ein lengre periode der store deler av Sunnhordland var straumlause. Opp i alt dette vart det gjort ein kjempejobb av våre tilsette for å få opp att straumforsyninga. Hendinga viste og kor viktig det er å ha ein god og førebudd beredskapsorganisasjon.

Det har vore arbeidd godt innan alle deler av organisasjonen. Innan produksjon har vi hatt store drifts- rehabiliteringsoppgåver, blant anna i Eikelandsosen kraftverk. I byrjinga av september fekk vi utfall av Blåfalli Vik kraftverk. Det viste seg at eit trøttleiksbrot i ein bolt hadde gjort så stor skade på generatoren at vi må byggja opp heile stator på nytt. Kraftverket vil vera ute av drift i eit heilt år. SKL er forsikra for slike hendingar.

Vi har og sett i gang bygging av nye småkraftverk og arbeider vidare med planar om nye prosjekt. NVE gav positiv innstilling til Olje- og energidepartementet på Blåfalli Fjellhaugen. Endeleg vedtak er venta i løpet av 2016. I samarbeid med Odda kommune har vi presentert ei skisse for flaumsikring av nedre deler av Opo-vassdraget i Odda der ein flaumtunnell kan finansierast med eit kraftverk. Eit spennande prosjekt som og har fått god mottaking av sentrale styresmakter.

SKL fyller 70 år i 2016. Det er med både med glede og vemod vi går inn i jubileumsåret med ny struktur. SKL har i alle år hatt ansvar for regional- og sentralnett i regionen. Den oppgåva har no Haugaland Kraft overteke. Når det er sagt, så har vi fått dei beste føresetnader til å ta fatt på det nye oppdraget - produsera og utvikla fornybar vasskraft. Vi har ein kompetent og motivert organisasjon og fått tillit frå eigarane gjennom tilførsel av ny kapital. Sjølv om vi er inne i ein periode med låge straumprisar har vi tru på at vasskrafta som rein og fornybar energi vil få auka verdi og med det skapa grunnlag for vidare vekst for SKL. Eg gleder meg til saman med alle tilsette i selskapet, å ta fatt på den oppgåva.

  • Magne Heimvik - Konsernsjef
  • Magne Heimvik
  • Konsernsjef
  • 1574
  • GWh produsert
  •  
  • 85%
  • i heileigde kraftverk

Produksjon

Kraftproduksjon og kraftomsetning

Vasskraftproduksjon

SKL er ein mellomstor vasskraftprodusent i norsk samanheng. Hovudtyngda av produksjonen skjer i Blådalsvassdraget, i Kvinnherad kommune. Dette er eit nedbørsrikt område, og nær halve tilsiget kjem frå Folgefonna. Det er ein god og utjamnande faktor for vasskraftproduksjonen.

Dei andre vasskraftanlegga til SKL Produksjon AS er i Eikelandsosen (Fusa kommune) samt Børtveit og Lundsseter (Stord kommune). Selskapet utøver også retten til 8.75 % av driftsklar maskinkapasitet i Sima Kraftverk (Eidfjord kommune), etter avtale med Hordaland fylkeskommune.

Alle kraftverka til SKL Produksjon AS har konsesjon utan heimfall.

Kraftproduksjonen var i 2015 1574 GWh. Det er 121 GWh mindre enn middelproduksjon. 2. september 2015 fekk me ein stans i Blåfalli Vik. Arbeidet med å starta opp att Blåfalli Vik vil ta om lag 1 år, dette medfører store utslag på faktisk produserte GWh både for 2015 og 2016.

SKL er eigar og deleigar i åtte småkraftverk, seks i Sunnhordlandregionen og 2 i Sogn og Fjordane. I tillegg er det to under bygging. Det er forventa byggjestart på nye småkraftverk i 2016.

SKL sin eigardel av forventa produksjon i småkraftverka er om lag 58 GWh pr. år. Dette kjem i tillegg til produksjonen som er nemnd ovanfor. Selskapet eig 15% av aksjane i AS Saudefaldene.

Organisering

Halvparten av dei tilsette har sine arbeidsoppgåver i Matre, medan den andre halvparten er lokalisert til hovudkontoret på Stord.

Driftsentalen er organisert under SKL Produksjon. Sentralen er døgnbemanna og lokalisert til Stord. Driftsentralen planlegg produksjon og overvakar produksjonsanlegga.

Driftssentalen er organisert under SKL Produksjon AS. Sentralen er døgnbemanna og lokalisert til Stord. Driftsentralen planlegg produksjon og overvaker produksjonsanlegg.

Nett

Straumforsyning

Straumforsyning

SKL Nett eig og driv eit omfattande sentral- og regionalnett i Sunnhordland og Nord-Rogaland, i hovudsak på 66 og 300 kV spenningsnivå, samt distribusjonsnettet i Stord kommune. Kraftnettet er underlagt monopolkontroll, og er rekneskapsmessig delt i sentral-, regional- og distribusjonsnett.

SKL Nett eig og driv sentralnett med 300 kV kraftleidningar og 300 / 66 kV transformatorstasjonar. Anlegga er utleigd til Statnett SF.

Selskapet eig også eit omfattande regionalnett i Sunnhordland og Nord-Rogaland. Nettet er kopla opp mot sentralnettet i Blåfalli, Husnes, Børtveit, Stord, Spanne og Håvik.

I regionalnettet har selskapet samankopling i sør, mot Haugaland Kraft. Samla levering i regionalnettet var 2430 GWh, eksklusive nettap, noko som er ein auke på 5,2 % i høve til 2014. Nettapet utgjorde 33,8 GWh, tilsvarande 1,3 % av levert energi. Høgaste maksimallast i regionalnettet vart registrert 4. februar. Då vart det transportert 528 MW i nettet.

I Stord Kommune eig SKL Nett distrubusjonsnettet. I distribusjonsnettet vart det levert 245 GWh fordelt på 9235 kundar. Nettapet utgjorde 12,8 GWh, tilsvarende 5,2 % av levert energi.

Drift, vedlikehald og nyanlegg

I tillegg til ordinær drift og vedlikehald i sentral- og regionalnett har det vore ekstra fokus på følgjande prosjekt:

  • Reparasjonsarbeid etter orkanen Nina
  • Oppgradering av vern- og kontrollanlegg i Stord Transformatorstasjon
  • Konsesjonsarbeid for reinvestering av 66 kV linjene Stord-Langeland-Otteråi
  • Planlegging for oppgradering av 300kV Spanne Transformatorstasjon

I distribusjonsnettet har det vore ekstra fokus på følgjande prosjekt:

  • Reparasjonsarbeid etter orkanen Nina
  • Innføring av AMS i samarbeid med Vestlandsalliansen og Haugaland Kraft
  • Nytt brytaranlegg 22 kV på Stord Transformatorstasjon
  • Oppgradering og nyanlegg i f.b.m. utbygging Heiane Sør og på Hatland samt eit større nyanlegg til settefiskanlegget i Grunnavågen.
  • Ombygging av mastetrafoar til kioskar på bakken som følgje av forskriftskrav (HMS-risiko ved betjening)

Kraftsystemutgreiing

SKL er planansvarleg for regionalnettet i Sunnhordland og Nord-Rogaland. Kraftsystemutgreiinga vert revidert anna kvart år, og er tilgjengeleg på SKL si heimeside. Ny revisjon kjem i 2016.

Framtidsutsikter

Viktige oppgåver er å optimalisera drift og vedlikehald, oppnå god avkastning samtidig som leveringstryggleiken vert ivareteken. Som følgje av stor auke i maksimalt effektuttak siste åra og utviklinga i regionen elles har me fokus på utbygging og utvikling av nettet.

I forbindelse med tiltak for strategisk selskapsmessig og regional utvikling, er det i 2015 gjennomført ein strukturprosess saman med Haugaland Kraft der resultatet vært at nettverksemd til SKL blir overført til Haugaland Kraft og slått saman med deira nettverksemd i eit nytt selskap: Haugaland Kraft Nett AS. Dei tilsette i SKL Nett AS vil dermed verta overført til Haugaland Kraft Nett AS 1.januar 2016.

NettnivåLuftleidningKabelSjøkabelTransformatorkap.
Sentralnett 300 kV80 km17 km-550 MVA
Regionalnett 300 kV12 km
Regionalnett 66 kV294 km15 km25 km674 MVA
Regionalnett 22 kV2 km1 km30 MVA
Distribusjonsnett Høgspent45 km154 km135 MVA
Distribusjonsnett Lågspent162 km365 km

Marked

Markedsaktiviteter

Breiband

Utbygging av breiband på Stord har også for 2015 hatt hovudfokus for SKL Marked. Dei mest folksame områda av kommunen er ferdig utbygt, men nye byggefelt, blokker og burettslag gjer at kundemassen aukar jamt og trutt.

Fleire tv i heimen samt auka bruk av data er meir og meir vanleg. Produkt som tv, internett og telefon er berre starten på tenester som vil vera tilgjengelig på fiberen i nær framtid. Forsking så langt visar at fiber er einaste teknologi med den kapasitet internett vil ha behov for i framtida.

Leveranse av breiband krev i dag sikre og framtids-retta løysingar. Samarbeid med andre vert meir og meir viktig dersom vi skal oppnå føresett vekst. Breiband er og blir eit marked der volum og kvalitet er viktige premissar.

Samarbeidet med Haugaland Kraft med utvikling og forbetring av arbeidsprosessar og produkt gjer at vi leverer kvalitet i alle ledd ut til kunden. Dette gjer at SKL i dag leverer eit framtidsretta og robust fibernett til snart 5000 private og bedrifter i Stord kommune.

Naturgass

Leveranse av naturgass i 2015 enda litt lågare enn for fjordåret. Temperaturar over normalen heile året har stor innverknad på leveranse til våre kundar, då mest all vår leveranse går til oppvarming.

Satsing på industrikundar har også siste året hatt hovudfokus på sal. Dette har resultert i leveranse til tre nye kundar på Eldøyane. Naturgass er svært effektivt til oppvarming av store lokale, noko kundane prioriterer høgt ved val av energikjelde.

Kværner Stord, som er den desidert største kunden til SKL Marked på naturgass, tok åleine ut ca. 75 % av vår totale leveranse i 2015. Det er ikkje investert i ny infrastruktur siste året. Eksisterande røyrnett er etablert på alle sentrale stader i kommunen, noko som gjer opp kopling av nye kundar enkelt og effektivt.

Som eit ledd i styret sin beslutning om vidare drift av gassverksemda har vi lukkast å koma i dialog med eit nystarta lokalt firma som ser potensialet i verksemda. Siste runde i forhandlingane er ennå ikkje ferdig men resultatet går mot ei løysing der SKL sel seg heilt ut.

Kunde

Kundedivisjonen har som hovudaktivitet å ivareta konsernet sine kunderetta oppgåver samt drift av sentralbord og resepsjon.

Undersøkningar visar at kundar er mest opptatt av kvalitet, pris på produkta og service, i den rekkefylgja.

Kundedivisjonen er SKL sitt ansikt mot kunden og derfor ei svært viktig brikke for at konsernet skal oppnå den kundetilfredsheit vi ynskjer.

SKL sin portofylgje spenner over eit breitt område. Dette krev at divisjonen har ein brei kompetanse som vi også utnyttar ved å tilby dei same tenestene til andre energiverk i og utanfor regionen.

Som eit ledd i SKL sin klimapolitikk har vi dei siste åra bygt opp 2 hurtigladestasjonar til alle typar el-bilar. SKL står sjølv for hovudinvesteringa. Elbilmarknaden har eksplodert siste året, og stasjonen på Heiane er ein av dei mest brukte i landet. Dette som naturleg konsekvens av plassering i forhold til bom stasjonar og ikkje minst all ferjetrafikken på stamvegen.

  • 5000
  • Breidbandkunder
  •  
  • 60%
  • Marknadsdel
  •  
  • Elbilmarknaden har eksplodert
    siste året, og stasjonen på Heiane
    er ein av dei mest brukte i landet.

  • Hovudtal 2015 i mill. kr
  • 746
  • Omsetning
  • 154
  • Driftsresultat
  • 51
  • Årsoverskot
  • (etter skatt)
  • 38
  • Utbyte
  • 154
  • Totalkapital
  • 2102
  • Eigenkapital
  • 112
  • Tilsette
  • (pr. 31.12.2015)
  • 33%
  • Likviditetsgrad 1
  • (omløpsmidler av kortsiktig gjeld)
  • 57,3%
  • Soliditet
  • (eigenkapital av totalkapital)
  • 99,7%
  • Oppetid på kraftanlegga

Vendepunktet

Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit kraftkonsern som i 2015 dreiv innan produksjon og overføring av kraft, breiband og distribusjon av naturgass.

Med verknad frå 01.01.2016 har SKL blitt eit reindyrka konsern innan kraftproduksjon. Omstruktureringa har skjedd gjennom ein avtale med Haugaland Kraft AS om å kjøp og salg av verksemdområde. Transaksjon inneber eit betydeleg bytte av aktiva der SKL si nettog marknadsverksemd vert seld til Haugaland Kraft og SKL overtek Haugaland Kraft si produksjonsverksemd. Reindyrking, spissing og fokus på kjerneverksemd vert viktig fremover for å sikra strategien til selskapa om framleis vekst og utvikling.

SKL sin kraftproduksjon, i regi av SKL Produksjon AS, er i Hordaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådalsvassdraget. Selskapet eig og driv Eikelandsosen kraftverk i Fusa, to mindre stasjonar på Stord og er medeigar i Sima kraftverk (8.75%), i Eidfjord. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 1695 GWh. Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.

Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. Totalt sju småkraftverk, heil- eller deleigd, er ved utgangen av 2015 i drift. Tre anlegg er under oppføring og fleire under konsesjonshandsaming.

SKL si nettverksemd er lokalisert til Sunnhordland og Nord-Rogaland. Konsernet er gjennom SKL Nett AS eigar/medeigar i linjer og transformatorstasjonar som inngår i sentralnettet (300 kV), nettverksemda har driftsansvar for anlegga. SKL Nett AS eig og driv regionalnettsanlegga (66 kV) i Sunnhordland og delar av tilsvarande anlegg i Nord-Rogaland. Som del av nettanlegga har SKL Nett AS kabelanlegg for fjordkryssingar, på 300 kV og 66 kV nivå. Nettverksemda eig og driv distribusjonsnettet i Stord kommune. SKL Marked AS er ansvarleg for infrastruktur som breiband, distribusjon av naturgass og drift av SKL kundesenter.

Driftssentralen som overvaker og styrer produksjonsog nettanlegg er organisert i SKL Produksjon AS og lokalisert til Stord. Som del av denne har konsernet bygd eigne kommunikasjonsanlegg basert på fibernett og radiolinje. Som tilknytt aktivitet har SKL teke del i og investert i utbygginga av radiolinje- og fiberoptisk samband, mellom Bergen og Stavanger. SKL er såleis eigar av infrastruktur som vert nytta for sal av tenester til teleoperatørar, anlegga er ein del av SKL Marked AS.

Sunnhordland Kraftlag AS (Morselskapet) leverer interne tenester knytt til økonomi, personal, administrasjon, strategi og utleige av eigedom.

Vidare drift

Årsrekneskapet er avlagt under føresetnad om vidare drift. Styret stadfestar at føresetnaden er til stades.

Arbeidsmiljø og personal

Ved utgangen av 2015 hadde SKL 112 tilsette, i tillegg 5 lærlingar, mot 116 tilsette i 2014. Totalt utgjer dei 112 tilsette 110,5 årsverk i 2015 mot 114,2 årsverk i 2014. Morselskapet har 16 tilsette.

SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift. Det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med heilskapleg fokus på: helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Målsetjinga er, i samarbeid med den einskilde, fagforeiningane, bedriftshelsetenesta og NAV, å redusere sjukefråveret og leggje til rette for at tilsette kan arbeide lenger før uttak av pensjon.

I 2015 hadde SKL ein skade hjå tilsette, som medførte fråvær, dette gav H1-verdi lik 4,6. Tilsvarande tal for 2014 var to skadar med fråvær og H1-verdi lik 9,2. Samla sjukefråvær var 2,5%, mot 2,9% i 2014.

Morselskapet hadde ingen skadar med fråvær og H1-verdi lik 0 i 2015. Samla sjukefråvær var 0,7% i 2015, hovudsakeleg korttidsfråvær, mot 3,2% i 2014.

SKL har tilsett kvalitetsleiar som har ansvar for systematisk HMS-arbeid. SKL har samarbeidsavtale med bedriftshelsetenesta, Haugaland HMS.

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har 5 tilsette- og 5 arbeidsgjevarrepresentantar. I tillegg møter kvalitetsleiar, HR-ansvarleg og ein representant frå International SOS(tidligere Haugaland HMS). AMU gjennomførte 4 møter i 2015. Faste saker er internkontroll, oppfølging av sjukefråvær, arbeidsrelaterte ulukker, skadar og andre uynskja hendingar. AMU handsamar og rapportar frå HMS- tenesta, byggjesaker og AMU-årsrapport.

Likestilling

Av 112 tilsette er 93 menn (92,7 årsverk) og 19 kvinner (17,8 årsverk). Med unntak av administrasjon og kundeservice er SKL si verksemd knytt til område der menn generelt i arbeidslivet er i overvekt. Styret har 8 medlemmer, fordelt på 5 aksjonærvalde, 1 av utpeika av Hordaland fylkeskommune og 2 tilsetterepresentantar. Styret er samansett av 7 menn og 1 kvinne. SKL har generelt innretta si verksemd for å imøtekoma krav og føremål som fylgjer av likestillingslova. Av særlege tiltak kan nemnast ein aktiv og individuelt tilpassa livsfasepolitikk.

Ytre miljø

SKL sine primæraktivitetar er å nytte vatn til produksjon og overføring av rein energi. Produksjon av vasskraft har miljømessige fordelar framfor anna energiproduksjon. SKL er oppteken av å førebyggje og avgrense miljøkonsekvensar, mellom anna gjennom tiltak i samband med vassdrags- og konsesjonsvilkår. Sjølve produksjonsprosessen påverkar ikkje ytre miljø.

Utbygging og drift av vasskraftanlegg inneber likevel inngrep i naturen. Størst verknad har inngrepa i samband med regulering, magasinering av vatn og linjeføring.

Det vert nytta PCB-fri olje i alle transformatorar og andre oljehaldige komponentar. Det er etablert oljegruver for oppsamling av olje ved eventuell lekkasje. 300 kV sjøkabelanlegga over Hardanger- og Bømlafjorden er utstyrte med oljetrykksanlegg, med kontinuerleg overvaking, eventuelle lekkasjar frå desse vil føre til utslepp i sjø.

Ved legging av kablar og naturgassanlegg samarbeider SKL med kommunale etatar og verksemder for å grava felles grøfter. Dette bidreg til å redusere inngrep i naturen. Mykje infrastruktur vert lagt i bakken for å minimera visuell forureining.

Konsernet har i 2015 ikkje hatt vesentlege uynskte hendingar som har skada ytre miljø.

Om drifta

Produksjonen i 2015 vart på totalt 1574 GWh. Det er 121 GWh eller 7,1 % mindre enn det som er rekna som middels produksjon. Det skuldas i hovudsak at Blåfalli Vik havarerte i 1. september i 2015. Magasininnhaldet var ved inngangen til 2016 104 GWh høgare enn ved inngangen til 2015. Gjennom 2015 var tilsiget 191 GWh høgare enn normalt. Total nedbør i Matre vart 4396 mm (54 % høgare enn normalt) mot 3312 mm i 2014. Totalt vart dekningsbidraget av kraftomsetninga for 2015 på 287 MNOK mot 458 MNOK i 2014 (Sal energi fråtrekt kjøp energi) i SKL Produksjon AS. I konsernet vart dekningsbidraget på kraftomsetninga 299 MNOK, mot 474 MNOK i 2014. Tala inkluderer ikkje kompensasjon for tapt inntekt i samband med havari med 38,6 MNOK i 2015.

Produksjonsanlegga har, utanom Blåfalli Vik og anlegga i Sima, hatt god tilgjengelegheit i løpet av året. Det har elles ikkje vore lengre utilsikta nedetid på resten av anlegga. Det er gjennom året ikkje gjennomført vedlikehald som har hatt signifikant innverknad på produksjonen. Det vert elles utført reinvesteringar og oppgraderingar i anlegga i samsvar med plan.

Prisane i 2015 har vore låge, og betydeleg lågare enn spotprisen i 2014. Høgaste månadlege områdepris var i januar med 25,6 øre/kWh. Prisen synte jamn nedgong frå starten av året før lågaste pris vart nådd i juli med 8 øre/kWh. Utover hausten steig prisane til i november for så å falle til 16,6 øre/kWh i desember.

EKSTREMVÊRET NINA MEDFØRTE LEVERINGSTAP PÅ TIL SAMAN 412,9 MWH

Gjennomsnittleg systempris var 18,7 øre/kWh mot 24,7 øre/kWh i 2014.

Hovudvolumet av kraft vert seld til løpande spotpris på kraftbørsen Nordpool. Prisen i vårt område var 17,6 øre/kWh (år-snitt) mot 22,8 øre/kWh i 2014. Oppnådd pris på fritt omsetteleg kraft vart 17,8 øre/ kWh, inkludert konsesjonskraft og godtgjering til Hordaland fylke.

I sentral- / regionalnettet var det 47 driftsforstyrringar, mot 22 året før. Av desse førte 31 til avbrot i forsyninga med eit leveringstap (ILE) på 675,3 MWh, mot 36,6 MWh året før.

Ekstremværet Nina (starta 10.januar) medførte leveringstap på til saman 412,9 MWh. Hendinga 2.juni der ein sentral stasjon i sentralnettet blei liggande utkopla i nær 3 timar medførte leveringstap på til saman 231,2 MWh.

I høgspent distribusjonsnett var det 17 driftsforstyrringar, mot 20 året før. Desse medførte eit leveringstap (ILE) på 71,8 MWh, mot 18,8 MWh året før. I tillegg var det 38 planlagde og varsla avbrot som medførte eit leveringstap (ILE) på 11,1 MWh, mot 9,2 MWH året før.

Totalt er det resultatført kostnad på 23,9 mill. kr. knytt til KILE, herav er 10,4 mill. kr. knytt til sentralnettet, 11,3 mill.kr knytt til regionalnettet og 2,2 mill. kr. knytt til distribusjonsnettet. Tilsvarande tal for 2014 var ein total kostnad på 3,6 mill. kr., herav er 2,3 mill. kr. knytt til regionalnettet og 1,3 mill. kr. knytt til distribusjonsnettet.

Satsinga innan breiband og naturgass, i regi av SKL Marked AS, har gjennom 2015 arbeidd med vidare fortetting på eksisterande infrastruktur. Det har vore ein vekst i talet på kundar på 7,5% i 2015.

Det er ikkje investert i ny gassinfrastruktur siste året. Røyrnettet er etablert på sentrale stader i kommunen noko som gjer det enkelt å kople opp nye kundar. Volumet i 2015 vart lågare enn 2014 og toppåret 2013, noko som skuldast temperaturar over normalen i 2015.

Samla for selskapa som er konsolidert i konsernrekneskapen, inkludert minoritetar sin del, er det netto investert i varige driftsmidlar for 138,4 mill. kr. i 2015, mot 111,9 mill. kr. i 2014. I tillegg kjem auke i lån til tilknytt selskap med 5,1 mill. kr, mot 31,6 i 2014.

Det er investert totalt 35,8 mill. kr. i 2015 i SKL Produksjon AS. Den største investeringa er knytt til prosjektering av et nytt kraftverk med venta konsesjons- og investeringsavgjerd hausten 2016. I tillegg er det investert i konsoliderte småkraftverk med totalt 24 mill.kr. Netto utlån til tilknytt småkraftselskap under bygging er auka med 5,1 mill.kr.

I nettverksemda er det investert totalt 64,9 mill.kr i 2015 mot 55,6 mill.kr i 2014. Det er fullført prosjekt med totalt 71,1 mill.kr, av dette auke i dekningsbidraget 16,0 mill.kr i sentralnettet, 34,0 mill.kr i regionalnettet og 21,0 mill.kr i distribusjonsnettet.

SKL Marked AS sine investeringar er i all hovudsak knytt til utvikling av breiband, medan det i mindre grad har vore investeringar i andre forretningsområde. SKL Marked AS investerte for 13,2 mill. kr. i 2015, mot 14,5 mill. kr. i 2014.

Morselskapet har mindre investeringar innanfor IKT-utstyr og tekniske installasjonar i bygg. Totalt er det investert 1,3 mill. kr. i 2015, mot 1,2 mill.kr i 2014.

Årsresultat 2015

Rekneskapen for 2015 syner omsetning på 745,7 mill. kr. for konsernet og 44,7 mill. kr. for morselskapet. Resultat før skatt er 131,2 mill. kr. for konsernet, tilsvarande tal for morselskapet er 86,8 mill. kr. Overskot etter skatt er 51 mill. kr. for konsernet og 64,5 mill. kr. for Morselskapet. Samanliknande overskot etter skatt var kr 123,6 mill. kr. for konsernet og 126,6 mill. kr. for Morselskapet i 2014. Bokført skattekostnad i konsernet utgjer 80,2 mill. kr., medan bokført skattekostnad for Morselskapet utgjer 22,3 mill. kr.

Konsernresultatet er svekka i høve til 2014, og endringa skriv seg særleg frå følgjande høve:

  • Lågare kraftpris og havari på kraftstasjonen Blåfalli Vik gav redusert dekningsbidrag frå produksjonsverksemda (inkludert resultat frå småkraftsatsinga). Totalt vart dekningsbidraget redusert med 175 mill.kr i forhold til 2014.
  • Stormen «Nina», ilag med eit større utfall i sentralnettet, gav KILE kostnader på totalt 23,9 mill.kr, mot 3,6 mill.kr i 2014.
  • Høgare inntektsramme i 2015 enn 2014 gav ei auke i dekningsbidraget (før KILE kostnader) frå nettverksemda med 20,6 mill. kr. (overføringsinntekt fråtrekt overføringskostnad og kjøp av energi). Særleg skuldast dette auke i kostnadsgrunnlag frå 144 mill.kr i grunnlaget for 2015, mot 114 mill.kr i grunnlaget for 2014. I tillegg er kapitalvekta DEA-effektivitet auka noko i forhold til i 2014.
  • Breibandsverksemda har hatt ei utvikling på 3% i driftsinntektene og opprettheld bruttomargin. På grunn av auka avskriving vert resultatet på nivå med 2014.
  • Naturgassverksemda har hatt ei negativ utvikling på omsetning og resultat, mykje grunna lågt uttak ved mildvêr.
  • Lønnskostnadar er auka med 14,7 mill. kr. Dette skuldast hovudsakleg planendring knytt til levealder justering i pensjonsordninga i 2014 med positiv resultateffekt på 13,5 mill. kr. Det er ikkje tilsvarande effekt i tala for 2015.
  • Andre driftskostnadar auka med 18,4 mill. kr. Dette skuldast særleg ekstrakostnader i samband med ekstremvêrett «Nina», samt kostnader knytt til omorganisering av verksemda. I tillegg kjem fleire mindre postar som auka kjøp ifbm eksternt tenestearbeid.
  • Avskrivingar er auka med 1,4 mill. kr. Endringa er i tråd med den auka anleggsmassen til konsernet.
  • Netto finanskostnad er redusert med 7 mill. kr. Dette skuldast auka renteinntekter- og resultat frå tilknytt småkraftselskap, samt plasseringsrenter i morselskapet grunna store bankinnskot hausten 2015.

Totalt er resultat før skatt 138 mill. kr. lågare enn tilsvarande tal førre år. Etter skatt er nedgangen 72,5 mill. kr.

Morselskapet har eit negativt resultat på 2,7 mill. kr., korrigert for inntekt frå dotterselskapa, mot positivt med 9,4 mill. kr. i 2014. Endringa skuldast i stor grad prosesskostnader i samband med omorganiseringa. For nettverksemda er ordinær inntektsramme inntektsført og resultatet av kvalitetsjustert inntektsramme (KILE – kompensasjon for ikkje levert energi) er teke inn i rekneskapen for 2015. Ved utgangen av 2015 er det bokført ei meirinntekt på 50,7 mill. kr. i balansen. Avkastinga på NVE-kapitalen er på 0 % i 2015, mot 2,6% i 2014. NVE referanserenta var på 6,3 % for 2015 og 6,6% for 2014.

Balanse og likviditet

SKL sine bokførte anleggsverdiar er i samsvar med historisk kostpris fråtrekt av- og nedskrivingar.

Kapitalen i SKL er auka med totalt 750 mill.kroner i 2015 gjennom ein kontantemisjon. Kapitalauken gir eigenkapital og likviditet for vekst, og påverkar likviditets- og eigenkapitalgrad positivt. For SKL var likviditetsgrad 1 pr. 31.12.2015 lik 2,08. Arbeidskapitalen er positiv med 330 mill. kr (inklusive bank), men skuldast stor kontantbehaldning pr. utgangen av året. Korrigert for kontantbehaldning, er arbeidskapitalen negative og skuldast i stor grad betalbar skatt og avsetning til utbyte. Likviditetssituasjonen er god og i samsvar med planlagde handlingar frå konsernet.

Tala må sjåast i samanheng med trekkrettar og kassakreditt på til saman 1490 mill. kr. Samla gjeld knytt til obligasjonar, trekkrettar og sertifikat er 1 150 mill. kr pr. 31.12.15, slik at faktisk likviditetstilgang gir ein reell likviditetsgrad større enn 2,08.

Konsernet sin soliditet er god. Etter avsett utbyte til eigarar er eigenkapitaldelen ved utgangen av året 57,3%,. Marknadsverdien i konsernet sine produksjonsanlegg er langt høgare enn bokførte EKSTREMVÊRET NINA MEDFØRTE LEVERINGSTAP PÅ TIL SAMAN 412,9 MWH Styret si årsmelding 2015 Styret si årsmelding 2015 18 19 verdiar. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved, og omfanget av verksemda i konsernet.

Kontantstraum

SKL hadde kontantstraum frå drifta på 84,8 mill. kr. etter endringar i fordringar, kortsiktig gjeld og driftsrelaterte tidsavgrensingar. Tilsvarande tal for 2014 var 205,5 mill.kr. Likviditetsbehaldninga er 442,1 mill. kr. høgare ved årsskiftet 2015 samanlikna med 2014. Dette skjer etter netto investeringar i varige drifts- og andre anleggsmidlar på 146,4 mill. kr, ein reduksjon i lånegjelda på 153,9 mill. kr. og utbetaling til eigarane på 92,5 mill. kr.

Avlagt rekneskap gir eit reelt bilete av verksemda og finansiell situasjon for 2015. Det er ingen hendingar etter årsskiftet som har vesentleg innverknad for årsrekneskapen 2015.

Framtidig utvikling

Framtidig inntening og finansiell stilling vert vurdert som god på kort og lengre sikt. SKL er no, etter gjennomført strukturendring saman med Haugaland Kraft, eit reint produksjonsselskap. SKL sine langtidsplanar er tilpassa ein periode med forventningar om låge kraftprisar. I tillegg til kraftpris er utviklinga i produksjonsvolum det som i størst grad påverkar resultata. Pris for el-sertifikat har mykje å seie for lønnsemd i pågåande og planlagde investeringar i auka kraftproduksjon.

SKL arbeider med konkrete prosjekt for realisering av småkraft- og storkraftverk. SKL Produksjon AS sendte hausten 2014 konsesjonssøknad på nytt Blåfalli Fjellhaugen kraftverk. Dette vil ha installert effekt på ca. 150 MW og gje årleg netto produksjonsauke på ca. 70 GWh. Gjennom oppkjøp av Haugaland Kraft AS sin kraftportefølje i 2015, står selskapet også framfor betydelege re- eller nyinvesteringar i Litledalen- og Hardeland kraftverk i Etne.

Gjønelva Kraftverk, Tverrelva Kraftverk og Storelvi Kraftverk er under bygging med venta idriftsetjing høvesvis våren og hausten 2016.

Konsernet har god soliditet, og drifta genererer stor positiv kontantstraum som sikrar likviditetssituasjonen. SKL vil framover ha fokus på og arbeide med å optimalisere SKL som eit reint produksjonsselskap.

Finansiell risiko

Konsernet har bevisst haldning til handtering av finansiell risiko. Verksemda er kapitalintensiv, med nye investeringar og behov for låneopptak, samstundes som eksisterande lån skal refinansierast. Likviditetsrisiko må difor handterast. SKL har kraftanlegg med evigvarande produksjon og sal av kraft. Handteringa av marknadsrisikoen er difor viktig.

SKL står blant anna ovanfor følgjande marknadsrisiko:

  • Prisrisiko knytt til dagens og framtidig sal av eigen produsert kraft, herunder pris på el-sertifikat
  • Valutarisiko for sal av kraft
  • Renterisiko knytt til låneportefølje og inntekts-ramme for nettverksemda

Kraftmarknaden er kortsiktig, med lite likviditet i produkt utover 3 års løpetid. SKL vil difor for middelproduksjonen på 1695 GWh vere eksponert for endringar i kraftpris og verdi av euro mot
norske kroner.

Med kraftproduksjon basert på vasskraft vil tilgang på vatn og produksjonsevne variere frå år til år. For SKL, som har Folgefonna i sitt nedslagsfelt, vil breen representere ein utjamnande effekt i dei årlege variasjonane. Volumrisikoen vert difor vurdert som noko mindre for SKL enn for bransjen generelt.

SKL har slik handtering av marknadsrisikoen for kraftproduksjon:

  • SKL er innforstått med at resultata vil variere med prissvingingane i kraftmarknaden, og prisrisikoen vert i liten grad sikra gjennom finansielle kontraktar. SKL sin handelsstrategi gir i ei viss utstrekning høve til for aktiv sikring
  • Konsernet sikrar ikkje valuta, og er innforstått med at inntekta frå kraftomsetning vil variere med nivå på euroen. Innkomen euro vert veksla fortløpande til norske kroner.

Renterisikoen for SKL er avgrensa. Delar av konsernet sine inntekter for nettverksemda (kapitalrefusjon) er avhengig av rentenivået. Denne eksponeringa mot rentesvingingar går motsett veg av konsernet si eksponering mot rentesvingingar på gjeldssida. Delar av låneporteføljen vert sikra gjennom rentebyteavtalar.

Kredittrisikoen for SKL vert vurdert som avgrensa, ettersom SKL sine inntekter frå produksjonen vert omsett på børs (NordPool) og inntekter frå nettverksemda vert i det vesentlege fakturert mot lokale energiverk. Likviditetsrisikoen vert vurdert som liten. Konsernet har god kontantstraum frå drifta.

Resultatdisponering

SKL og Morselskapet si målsetjing er langsiktig verdiskaping. Morselskapet sikrar verksemdene i konsernet naudsynt soliditet og tilgang på likviditet. Overskotslikviditet og årleg avkastning vert overført til morselskapet i form av konsernbidrag og nedbetaling på langsiktig gjeld. I den grad dotterselskapa har behov for å auka eigenkapitalen skjer dette gjennom innskot av kapital eller at selskapa held tilbake resultat. I år er det tilført 67,2 mill. kr. frå dotterselskap (netto etter skatt), som gjev morselskapet eit årsresultat på 64,5 mill. kr. Konsernet har eit resultat på 51,0 mill. kr.

Det er lagt opp til at kapitalutbetalinga til eigarane for 2015 rekneskapen vert omlag 75% av konsernresultatet. Dette gir eit samla utbyte til eigarane på 38 mill. kr. Storleiken på kapitaltilførsel til eigarane er tilpassa konsernet si finansiering av framtidige investeringar og skal sikre framleis god soliditet. Ut frå kontantstraumen og kapitalstruktur i konsernet, er det styret si meining at forslaget nedanfor til resultatdisponering er i samsvar med dei skisserte måla for konsernet.

Styret sitt forslag til disponering av overskotet for Sunnhordland Kraftlag AS for 2015:

  • Avsett til utbytte
  • Avsett til annan eigenkapital
  • Sum disponering
  • kr 38 000 000
  • kr 26 505 000
  • kr 64 505 000

Stord, den 28. februar 2016

  • Magne Heimvik - Konsernsjef
  • Magne Heimvik
  • Konsernsjef
  • Olav Linga - Styremedlem
  • Olav Linga
  • Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes - Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes
  • Styremedlem
  • Atle Neteland - Styreleiar
  • Atle Neteland
  • Styreleiar
  • Torleiv Fylkesnes - Styremedlem
  • Torleiv Fylkesnes
  • Styremedlem
  • Egil Åkra - Styremedlem tilsette
  • Egil Åkra
  • Styremedlem tilsette
  • Didrik Ferkingstad - Nestleiar
  • Didrik Ferkingstad
  • Nestleiar
  • Sverre Olav Handeland - Styremedlem
  • Sverre Olav Handeland
  • Styremedlem
  • Marit S. Stockmann - Styremedlem tilsette
  • Marit S. Stockmann
  • Styremedlem tilsette

Selskapsstruktur og organisasjon

Aksjonærforhold

SKL er eit regionalt eigd selskap. Etter kapitalutvidinga mot Haugalandet i 1951 var aksjonærforholda uendra i 45 år, fram til utgangen av 1996. Då kom BKK inn på eigarsida etter kjøp av aksjepostar.

Eigarvilkår

Det er ikkje forkjøpsrett til aksjane, men overdraging krev styret sitt samtykke.

Styret

Styret har 8 medlemmer. 5 blir valde av generalforsamlinga, Hordaland fylkeskommune oppnemnar 1 og dei tilsette vel 2.

Administrativ organisering

Fokus på resultatkrav og tilrettelegging for ei meir team- og prosjektrelatert arbeidsform innan alle område har vore sentrale føringar for SKL si overordna organisering. Dei siste åra har selskapet fått tilført mykje god kompetanse, samtidig som det ligg utfordringar i å auka talet på tilsette i slikt omfang som det er gjort dei siste åra. Det set store krav til leiarkompetanse, organisasjons- og personalutvikling, gjennomføringsevne og tilrettelegging for eit godt arbeidsmiljø.

Aksjonær Aksjetal Prosent av aksjane
Haugaland Kraft AS 1340 40,5
BKK AS 1106 33,4
Finnås Kraftlag SA 332 10,0
Tysnes Kraftlag SA 165 5,0
Fitjar Kraftlag SA 111 3,4
Fjelberg Kraftlag SA 98 3,0
Skånevik Ølen Kraftlag SA 85 2,6
Stord kommune 70 2,1
Sum 3307 100

Om SKL

SKL er eit regionalt energikonsern. I vasskraftanlegga våre produserer me rein og fornybar straum nok til meir enn 100.000 husstandar. SKL eig og driv store delar av det overliggjande straumnettet i regionen mellom Bergen og Stavanger. I Stord kommune eig SKL distribusjonsnettet for straum, fiberbasert breiband og naturgass.

Kontakt
Postboks 24,
5401 Stord

Telefon: 53 49 60 00
post@skl.as www.skl.as

 

Styret si årsmelding 2015

Fra venstre: Didrik Ferkingstad (Nestleiar), Egil Åkra (Styremedlem tilsette), Magne Heimvik (Adm. direktør), Marit S. Stockmann (Styremedlem tilsette), Torleiv Fylkesnes (Styremedlem), Atle Neteland (Styreleiar), Olav Linga (Styremedlem), Sigbjørn Framnes (Styremedlem), Sverre Olav Handeland (Styremedlem) .